Loading Events

« All Events

Pub Kveld på Bryggeriet

December 20 KL18:00

Rett oppunder jol tek me oss ein pause frå juletrepakking og pinnakjøtbrenning og opnar vår splitter nye pub! Du er invitert. Du finn oss bak Os Næringspark (jau, me meiner Bahusen), der du går opp rampen og inn. Me håpar sterkt på fullt hus og høg stemning. Eit breitt utval av våre eigne produkt ventar deg, samt nokre alternativ for å dekkje mange behov.

Det vert lett matservering frå våre kumpanar på Osøyro Kolonial, slik at trongen til fast føde og vert stetta.

Musikken vert låg, sigarføringa moderat, kosen, smakane og drøsen skal stå i høgsetet. Stikk innom for ei triveleg oppleving hjå Osøyro og Bjørnafjorden sitt beste (og einaste) bryggeri!

Me opnar 18:00, stengjer straumane ved midnatt. Dato er 20/12, siste fredag før Sjølvaste.

P.S:
I dette flotte nye lokalet vårt vert det mogleg å tinge smakingar for grupper og andre arrangement med mat og drikke, berre å ta kontakt so bruker me nennsom skreddersaum for å dekkje nett dine behov.

Details

Date:
December 20
Time:
18:00

Venue

Bjørnafjorden Bryggeri
Holtbrekka 7
Os, Norway
+ Google Map