Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Oseana Ølfestival 2019

June 22 KL13:00 - 19:00

Igjen skal vi laga sumarens vakraste ølfestival. Lokalt forankra, liten og intim. Vi er «Probably the smallest beerfestival in the world», og kanskje den einaste med utsikt mot både isbre, fjell, strand og fjord. Vi skal servera godt handverk, lokale brygg, grillmat og god stemning.
Kva for bryggeri som kjem blir lansert etterkvart, følg med.

Heimebryggarkonkurranse
Det er blitt ein tradisjon med heimebryggarkonkurranse under festvalen, der Bjørnafjordens beste heimebryggar blir kåra. Om de brygger åleine eller i samla flokk, om de har brygga éin gong, ingen gonger eller har dreve med dette i fleire år – det spelar ingen rolle så lenge du får malt, humle, vatn og gjær til å bli edle dråpar.
I fjor var lokale bringebær den avgjerande ingrediensen, i år er det dette som er krava:

Øltypen vi vil de skal brygge i år er Amerikansk IPA. Eit humletungt øl med god bitterheit, svak maltbase og uante moglegheiter kva gjeld smak og aroma. Eller, som det heiter frå Norbrygg sine sider:

6B. AMERIKANSK IPA
OG FG vol% IBU EBC
1056-1075 1010-1018 5,5-7,5 40-60+ 15-35
En kraftig humlet pale ale med amerikanske humletyper. Mer alkoholsterk og smaksrik enn amerikansk pale ale.
Aroma: Svak maltaroma, med karakter av karamell. Middels til kraftig humlearoma, som kan ha karakter av sitrus (appelsin, sitron, lime, grapefrukt), blomster, harpiks/furunål, fersken eller tropisk frukt. Humlen skal overdøve eventuelle fruktestere. Diacetyl skal ikke forekomme.
Farge/Utseende: Ravfarget til kobberfarget. Klar til lett tåkete. Stort og holdbart skum.
Smak: Svak karamelagtig maltsmak. Eksemplerne kan være fra meget tørre til lett søte. Middels til kraftig humlesmak og bitterhet.
Kropp: Medium kropp, middels karbonering.

Når det gjeld levering av flasker så er det i desse dagar ikkje veldig enkelt å få tak på dei gamle bjørnungane. Vi ber difor om at de leverer 3 stk 0.5L flasker innan 7. juni i resepsjonen på Oseana. Hugs å merke dei med godt! Flaskene må merkast med:
Ditt namn
Namn på ølet
Alkoholprosent
Oppskrift

Om nokon skulle ha utfordringar med å få dette inn til Oseana så kan ein kontakte Cato Larsen på Cato.larsen@bfbryggeri.no eller Tarjei Skeie på tarjei.skeie@bfbryggeri.no så skal vi sjå om det kan ordne seg likevel.
Vi ynskjer at så mange som mogleg deltek i denne konkurransen og oppfordrar dermed alle som har eit ynskje om å vise fram ølet sitt til å melde seg på. Vinnaren vil, som i fjor, få laga ein batch av ølet sitt hjå Bjørnafjorden Bryggeri. Alle øla vil bli vurdert av egna dommarar og alle vil få ei tilbakemelding på ølet sitt i form av eit dommarskjema

Details

Date:
June 22
Time:
13:00 - 19:00

Venue

Oseana Kunst & Kultursenter
Mobergsbakken 20
Os, 5200
+ Google Map