Om Oss

Visjon:

Bjørnafjorden bryggeri vart stifta i 2017 av ein god gjeng ølhundar som meiner at ei kvar bygd med respekt for seg sjølv bør ha eit bryggeri som kan formidla framifrå handtverk til folket. Dermed vart Bjørnafjorden Bryggeri ein realitet. Vår visjon er å levere kvalitet med lokal forankring og me vil bruke lokale råvarer der det let seg gjere.

Notid:

I våre lokaler i Os Næringspark så starta vi i det små, men med tankar om å kunne utvide både produksjon i bryggeriet og åpne opp eit lite lokale der vi skulle kunne servere produkta våre, på folkemunne kalla bryggeripub.

Vi er no komen nokre steg vidare i utviklinga vår og kan tilby butikkutsal direkte frå bryggeriet samt at me har utvida lokala våre og starta innredning av bryggeripuben vår.

Framtid:

Vi veit ikkje kva framtida bringer, men vi veit vi skal fortsette å bryggje øl til folket, både lokalt her i kommunen vår og nokre usentrale plassar som Oslo, Bergen, Stavanger og kven veit, kanskje andre plassar og.

Kontakt oss gjerne for ein hyggeleg prat om det me driv med.