Øl-meny

Denne sida vil innehalde alle øltypar og variasjonar som er brygga. Desse vil ikkje alltid vere på lager hjå oss, men vil finnast i sortimentet her på sida.

Kveissen [Paperbag Series] (Traditional Ale)

Ein blend av kveik frå Dyrvedalen og tysk weissbeer gjær. Gjæra i 2 omgonger.

Check in on Untappd

Månings (English Bitter)

Bryggja etter Yorkshire stil. Litt mørkare og noko mindre karamelltoner

Check in on Untappd

Oppskåka (Traditional Ale)

Einerlåg og kveik

Check in on Untappd

Sider 2018 4.7% (Cider - Dry)

Årets sider i 4.7% versjon

Check in on Untappd

HM Johnsen øl (Golden Ale)

Bryggja saman med HM Johnsen. Lokal musikar frå Os.

Check in on Untappd

Bitter Jol (English Bitter)

No er ikkje vi i Bjørnafjorden bryggeri særleg bitre menneske, og såvidt vi veit er ikkje engelskmenn særleg bitre heller, om ein ser bort frå ei hending i 1981 då vi rett og slett knuste dei 2-1 i kvalifiseringa til fotball-VM.

Noreg klarte typisk nok ikkje å kome seg til VM den gongen heller, men det skal ikkje stoppe oss frå å nyte denne engelske bitteren som me har krydra med eit høgtidsstemt hint av appelsin.

Check in on Untappd

Sjølvgod Jul (Stout - English)

Eit sjølvgodt øl er ikkje vanskeleg å handtere. Det gjer berre det det skal; viser seg fram til dei som tørste er. Sjølv om denne staute porteren er høg på seg sjølv, røsta malt, appelsin og kaffi så er han berre som ein god, men grovrøysta ven i julestrida. Sjølvgode folk, derimot, vert aldri favorittar hos eit audmjukt, lite bryggeri som vårt.

Check in on Untappd

Svartbjørn (Mead - Braggot)

A collaboration with Mjøderiet

Svartbjørn er eit beist. Svartbjørn er ein bochet braggot*. Svartbjørn er ei blanding av ein imperial stout så kraftig at han kunne gjenopprette tsarveldet, og karamellisert honning så søt at ein nesten kunne latt seg lure til å tru at det ville ha fungert.
*Braggot er blanding av øl og mjød. Bochet betyr at honningen er karamellisert.

Check in on Untappd

BØLL 2018 (Traditional Ale)

Brygga med vossakveik og einerlåg

Check in on Untappd

LyseBjørn (IPA - New England)

A collaboration with Lysefjorden Mikrobryggeri

Lysebjørn – NEIPA
Bjørnafjorden bryggeri i samarbeid med Lysefjorden bryggeri
Dette er eit historisk øl. For første gong i Os kommunes 179 år har to bryggeri med tilknyting til kommunen slege sine lyse hovud saman og laga ein NEIPA* som vil gje både festivalgjengarar og andre generisk ferierande ei ordentleg kjensle av sommarstormvind, uansett utslag på Beauforts skala. Kanskje blir det siste samarbeid også, under nåverande grenser, nå som kommunen neste år tek namnet etter bryggeriet som allereie ligg her.
Dette er ikkje eit øl du kan sove deg gjennom, verken når du bryggar eller drikk, men kanskje etterpå om du ikkje passar på.
`*NEIPA – New England IPA. Idiotisk store mengder humle, alt tilsett etter kok og under gjæring for å få skikkeleg humletrykk, men med relativt lite beiskleik, sjølv om du nok merkar den også. Denne kombinasjonen med Mosaic og Citra vil definitivt stikke som ei bie og danse rundt i ganen som ein fivreld.

Check in on Untappd

VOSsing (Traditional Ale)

vOSsing – Kveika øl.
Det er ikkje langt mellom Os og Voss. I alle fall ikkje lenger enn at kveiken toler turen godt. Når også ein av OSs er frå Voss og dermed flaska opp på kveik, så passar det godt at Bjørnafjorden tek i bruk denne gamle, tradisjonelle gjærstamma som har gått i arv og utvikla seg gjennom generasjonar, men dessverre berre tatt vare på enkelte stader, slik som vOSs.

Check in on Untappd

Hoppiness Gone Sour [Paperbag Series] (Sour - Ale)

Hoppiness gone Sour – Kettle soured IPA. A collab brew with BiPolarBeer Brewery *

Like the Romans salted the earth around Carthage and thereby ruined fertile land and in the process, at least symbolically, finally did their enemies in, we have soured an otherwise regular IPA and thereby ruined a lot of people’s notion of what an IPA should be.
Every now and then Bjørnafjorden’s Paperbag Boy comes out of the closet where he usually hides from the other employees and from himself. Since he is the bitter and untrustworthy boy he is, he couldn’t possibly let this perfect regular IPA be. So know this, dear drinker: The unmentionable things done to this beer must be blamed upon the Paperbag Boy and his fellow cohorts at BiPolarBeer Brewery*
(*Non-Existent)

Check in on Untappd

Vølse (Traditional Ale)

Vølse – Eit slags tradisjonsbrygg.
I tillegg til å vere det einaste ekte ordet som rimar på pølse, så var vølse eit objekt brukt i gamle norrøne fruktbarhetsritualer. Ein tørka hingstefallos gav styrke og vekst. Dette ølet er komplekst. Det er brygga med store delar røykmalt, godt med humle, einerlåg og einerbær. Det har også ligge og godgjort seg på eikechips, whisky og tyttebær. Resultatet er likevel balansert og leskande

Check in on Untappd

Fumadore (Smoked Beer)

Me likar best nynorsk, men me går heller ikkje av vegen for å bruke utanlandsk. Dette ølet vert neppe eksportert til Portugal og me kjenner heller ingen portugisarar, så derfor tøffar me oss med dette namnet.

Check in on Untappd

Madammen (Golden Ale)

Osingar over ein viss alder hugsar dei gylne tidene der Madammen var rekna for den aller beste utestaden i vid omkrins. Det går gjetord om Bergensarar som kom heile vegen berre for å få juling før dei reiste heim att. Nå er Madammen her igjen som eit lett og friskt, gyllent øl, og me skal syte for at det er så mykje av det at ingen treng å slåst.

Check in on Untappd

Berliner Scheisse (Sour - Berliner Weisse)

Ikkje tenk så nøye over namnet. Det er berre språkleik. Passe rufsete til at me kan leike med oppskrifter og lage noko ulikt frå gong til gong. Denne første utgåva er kjelesyrna med Biola.

Check in on Untappd

LemonGrassMower [Paperbag Series] (Witbier)

LemonGrassMower – Wit beer with lemongrass, coriander and sweet orange peel. A colab brew with Just Eight Lives ROBObrewery *

When the sun during summer graces us with its occasional presence, the lawn is usually too wet to enter without rubber boots. Then there is nothing else to do but sitting down with a self-running LemonGrassMower. This beer is so light and refreshing that the grass is close to mowing itself. Just enough lemongrass, coriander and orange peel to make it really quaffable, but not enough to scare the cat away.

This is our first beer in a series a little out of the ordinary. The main character is Bjørnafjorden’s own infamous, misanthropic and egoistic Paperbag Boy. Do not expect a lot of open-mindedness from this skinny fellow. However, he is our most valuable employee because of his vast network that lets us collaborate with a variety of the galaxy’s most prolific and creative breweries*
(* Non-Existent)

Check in on Untappd

Limousin (Pale Ale - American)

Nokre vil kanskje seie at Limousin er symbolet på alt som er gale. Store, luksuriøse bilar og kyr berre eigna til kjøttproduksjon. For oss på Bjørnafjorden tar me gjerne for oss av alt som er godt. Som dette ølet som er så tungt humla at det knapt har plass til andre ingredienser.

Check in on Untappd

Svartsyn (Stout - Other)

Svartsynet har gjennom tidene herja med vestlendingen. Pietisme og harde kår har gjort oss til hardhausar, men akk, ikkje utan nemnde svartsyn. Denne portaren er også ein kraftig hardhaus som enten vil fjerne svartsynet for ei stund, eller gje deg dobbelt opp.

Check in on Untappd

Brunbjørn (Brown Ale - American)

Det er lenge sidan det har vore bjørnar her ved Bjørnafjorden. Dette har nå endra seg. Denne bjørnen er brun og ganske bitter, men likevel godlynt nok til at han ikkje skremmer vekk så mange av dei han treff på.

Check in on Untappd