In mead we trust, so long as there is beer there too…..

Mjøderiet har vore på besøk i form av Stian og me har bryggja ilag ein heftig sak som skal setje sine spor etter seg. Ting som karamellisert honning, kraftig mørk og røsta vørter, Original Gravity på smellfeite 1.150 er nokre av orda ein kan bite seg merke i. Dette er det me gjorde.

 

Dagen starta knall bra, Cato vakna til ubesvarte anrop og ellers eit par teikn på at Tarjei ville ha tak i han, det var visst viktig……

 

Forsove seg er herleg ikkje sant?

Uansett, me kom oss ned på bryggeriet og fekk starta oppvarming av vatn til noko som skulle bli vørteren, vårt bidrag til denne “Bochet braggot” som det so flott heiter når ein karamelliserar honning og smell det oppi ein vørter og blandar det i hop.

Vatn i vassvarmekjelen, kverning av malt, utvendig i anledning fint ver, innmesking og litt musikk. Livet er digg for den som driv eige bryggeri.

Stian fra Mjøderiet var venta klokka 09:35 på busstoppet og sidan det ihvertfall er minst 100 meter å gå fra busstoppet og bort til bryggeriet, så kjørte vi sjølvsagt bort for å hente han, i dieselbil. Vi leiker jo ikkje butikk heller.

Sidan vi allereie var klar til skyljing, eller fly sparging som me driv med, så fann me ut at det like greit berre er å starte med karamellisering av honningen, det tar sin tid tenkte vi, og fyrte opp 2 x induksjonsplater med panner på.

Tarjei svettar og Cato tek sjølfis. Det er tungt å spa mesk ser vi.

Slik ser det ut når “The mead man Stian” verkeleg går inn for å vere mystisk og honningkviskrande.  Om du gjer han ein 50 lapp så kan han lese framtida di i honningrestane.

      

Eg er sjølv ikkje så frykteleg honningkviskrande, ikkje særleg mystisk heller, så eg tok den STORE kjelen istaden og berre fyrte på.

No time to piss about, tenkte eg som vanleg.

Noko som viste seg å vere berre tull, gassbrennar og stor kjele tok sannsynlegvis lengre tid enn fleire omgonger i små kjelar og induksjonsplater.

Karamellisert honning smakar forøvrig inn i hampen godt. Det er berre fest i kjeften, og når det blandes med Imperial Stout……… eg burde ikkje trenge seie meir, men det skal eg sjølvsagt gjere alikevel. Vi starter innblanding av honning folkens. Rett etter at vørteren er ferdig kokt sjølvsagt. Noko Stian hjelper fint til med ved å halde på ei sleiv.

Vi måler OG på vørter til heftige 1.075 og ser at dette kjem i mål som det skal. Justering av Ph og tilsetning av gjærnæring går som ein lek, noko det burde gjere sidan det igrunn ikkje er noko særleg vanskelighetsgrad på akkurat dei oppgåvene, om det er, så er han ihvertfall ikkje spesielt høg, vanskelighetsgraden altså.

Karamellisert honning i blanda og vi brygger ned det heile til ca 190 liter og får ferdig OG på heftige 1.150. Gjæren nærmast kryp ut av kolbane berre av lukta. Og den gjæren har jaggu ein jobb å gjere. Omtrent 7-8 liter startar på high gravity yeast 099, toppa opp med 250 gram US-05 berre for moro skuld samt eit heftig regine på lufting, O2 tilsetninger og Ph kontroller i den nærmaste veka skal nok halde oss og gjæren opptekne.

Let’s pitch this mofo…..

Då er det berre å la gjæren få lov til å lage det som skal bli den heftigste Imperial Stout bochet braggot i landet. Eg ville sei nord europa i det minste, kanskje til og med globalt, men eg veit eg får pes før det i etterkant så eg skal ikkje seie det.

Konklusjonen er, Bjørnafjorden Bryggeri og Mjøderiet har hatt ein kanonbra dag, og det gjekk føre seg utan nevneverdige problem. Noko som i seg sjølv er smått utruleg tatta i betraktning at me ikkje har gjort dette før her på bryggeriet.

Mjøderiet, Stian, you are welcome back anytime. Det er berre å takke for samarbeidet og smelle til med ein siste selfie for dagen. Om den virkar noko uklar så var det berre auraen av det heftige greiene som no er på tank som regelrett  skaka rommet.

Original Gravity på 1.150 sa du?