Bryggedag på BFBryggeri

Igjen ein liten visitt på bryggeriet for ein lengre session med brygging av øl med tilsatt frukt.

Tidleg ein morgon, då dei fleste er på jobb. Altså, dei jobbane ein tener pengar på, er Cato vakjen og klar for ein ny dag på bryggeriet.


Ein tulling

 

Kanskje ikkje heilt ved sine fulle fem, med ihvertfall vakjen og klar for å brygge noko som skal bli ein Grapefrukt NEIPA.

Når ein skal brygge øl tilsatt frukt er det sjølvsagt monge måtar å forberede dette på. Hjå Bjørnafjorden Bryggeri er det sjølvsagt øks som gjeld. Me meiner og at alle bryggeri som tek seg sjølv noko seriøst, dei må ha ei øks lett tilgjengeleg.

 

 
Me lovar at dette er frukt og ikkje nyhakka svinenakke.                Dette er berre ein vasskjele med vatn i

 

Varming av vatn er ei noko kjeisam med naudsynt oppgove.

Då tek sjølvsagt Cato seg tid til å late som om han både er modell og kul samstundes. Funkar sjeldan for andre enn dei som faktisk er modellar og kule.

 


Framleis tulling

 

Denne NEIPAen skal bli frisk og fruktig, med ei riktig god mengde med humle i. Malt profilen skal ikkje vere veldig tydeleg her då det er fruktige aroma og smakar som skal vere i fokus.

Me valgte å bruke vår traust “hus humle” Cascade, og fann det greit å berre vere rundhanda med mengdene. Det er ikkje tilsatt noko bitterhumle i det heile, då det vil kome noko bitterheit frå den tilsatte grapefrukten. Me har og køyrd med noko logare temperatur i meskeprosessen. Dette, samt sukkerstoffar frå frukt, vil gjere at denne øla gjærar godt ut og blir “tørr”. Dette vil treffe godt saman med smaken frå grapefrukt.

 


Me lovar framleis at dette er grapefrukt

 

Me håpar at dette er noko for alle no som varmen kanskje omsider kjem i lufta her på Osøyro.

Me sjåast att neste gong me finn på noko moro. Kan vere med byrjar røyke innomhus…….

Also, to our readers who prefers english, would it not be cool if you understood norwegian now?