Brygging av Brunbjørn

Hu hei kor tida flyg når ein har det kjekt. Det er alt snart slutt på Januar og vi på bryggeriet har vore aktive stort sett heile månaden. Planlegging av Oseana ølfestival ilag med Oseana og Os sentrumsforening, heimebryggar konkurransen, brygging av eigne øl klar til leveransar, jau det har vore nok å henge fingrane i.

Idag har det og vore aktivitet i gamle bahusfabrikken, ein av dei vi tenker skal bli liggande i vårt faste sortiment, Brunbjørn, skal bryggast igjen. Brunbjørn er ein amerikansk brown ale og vi trur den høyrer heime på lista vår “Faste øl”. Det vil sjølvsagt tida vise, men Tarjei ser no ut som han meiner det same her han står


Det er ikkje vanskeleg å være blid når ein brygger øl eller er det onde planar han legg?


Sjølv kverning av malt går som ein lek

Innmeskinga er eit manuelt arbeid, men når maltduftene brer om seg i lokalet er humøret på topp.

Also, to our readers who prefers english, would it not be cool if you understood norwegian now?