LyseBjørn

A collaboration with Lysefjorden Mikrobryggeri

Lysebjørn – NEIPA
Bjørnafjorden bryggeri i samarbeid med Lysefjorden bryggeri
Dette er eit historisk øl. For første gong i Os kommunes 179 år har to bryggeri med tilknyting til kommunen slege sine lyse hovud saman og laga ein NEIPA* som vil gje både festivalgjengarar og andre generisk ferierande ei ordentleg kjensle av sommarstormvind, uansett utslag på Beauforts skala. Kanskje blir det siste samarbeid også, under nåverande grenser, nå som kommunen neste år tek namnet etter bryggeriet som allereie ligg her.
Dette er ikkje eit øl du kan sove deg gjennom, verken når du bryggar eller drikk, men kanskje etterpå om du ikkje passar på.
`*NEIPA – New England IPA. Idiotisk store mengder humle, alt tilsett etter kok og under gjæring for å få skikkeleg humletrykk, men med relativt lite beiskleik, sjølv om du nok merkar den også. Denne kombinasjonen med Mosaic og Citra vil definitivt stikke som ei bie og danse rundt i ganen som ein fivreld.

Check in on Untappd