Bitter Jol

No er ikkje vi i Bjørnafjorden bryggeri særleg bitre menneske, og såvidt vi veit er ikkje engelskmenn særleg bitre heller, om ein ser bort frå ei hending i 1981 då vi rett og slett knuste dei 2-1 i kvalifiseringa til fotball-VM.

Noreg klarte typisk nok ikkje å kome seg til VM den gongen heller, men det skal ikkje stoppe oss frå å nyte denne engelske bitteren som me har krydra med eit høgtidsstemt hint av appelsin.

Check in on Untappd